Skip to content

Marie!

Marie er vår fyrstefødde ragdoll og fullt navn er NO*Noble Origins´Marie – dotter av Mille og Rufus; Stamtavle finn du her. Ho er ein blå bicolour (high mitted) som vart fødd ei stormfull natt i august 2012 – og du kan tru matmor vart glad og letta då denne velskapte jenta som fyrste i kullet kom til verda!

Marie bur hos (forvert) familie – der får ho mykje kos og oppmerksomhet av mine herlege tantebarn! Ho er veldig sosial og trygg – og har ein herleg personlighet.

Marie har til nå kun hatt eit kull men håper på fleire små etter henne!