Gå til innhald

Lyst på ein fantastisk kosepus?

 

SONY DSC

Noble Origins» Perfect Maia og Perfect Milo

Ragdoll er berre ein fantastisk rase – kosete og tillitsfulle nøster som følgjer oss som valpar der me går!

Ein ragdoll kattunge frå oss vert seld med NRR standard Kjøpekontrakt, stamtavle fra NRR og har skjulte feil-forsikring gjennom Agria (via kattemor sin avlsforsikring) – forsikringsvilkår finner du her. Kattungen har sjølvsagt helseattest frå veterinær, er fyrstegongs vaksinert, er ID chippa og har fått ormekur.  Dei kjem og med kattungepakke fra Royal Canine.

Ein kattunge må vera 12 veker før den kan reisa til sin nye heim – og me krev at alle som kjøper ragdoll kattunge frå oss skal følgje NRR’s reglar for kattehald. Kattungane våre er godt sosialisert- dei har fått mykje kos og oppmerksomhet frå familiens tobeinte. Me ynskjer å følgja pusen etterpå for å høyre korleis det går – og verdsett mail og bileter frå den nye heimen!

Ein ragdoll frå oss kostar frå 9500,-. Pris kan variere litt basert på ei vurdering av kattungens kvaliteter ift rasestandard. For å reservera ein kattunge krev me eit depositum på 3000,- som vert trekt frå totalsummen ved betaling av restbeløp. Depositum vert ikkje refundert dersom kjøpar skulle ombestemme seg. Kattunge som vert seld til kos skal kastrerast når den er 6 mnd. gamal. Me sel til avl i svært begrensa omfang til registrert oppdrett (Ta kontakt for pris og vilkår).

I tillegg til helse og gemytt, vektlegg me og godt eksteriør. Me har derfor valgt å importere avls-katter frå anerkjente oppdrett i USA, Polen, Kazakhstan, Finland og Sverige. Hos oss er det ein selvfølge at alle avls-katter får årlige helsesjekker og vaksiner. Dei vert og DNA testa ihht NRR’s anbefaling og er fri for mutasjon i MYBPC3 genet som kan gi hjertesjukdommen HCM (hypertrophic cardiomyopathy) hos ragdoll. For meir informasjon om HCM og DNA testing, sjå Laboklin sine sider.

Noble Origins’ ragdoll oppdrett er tilknytta Rogaland Rasekatt Klubb (RORAK) som er underlagt Norges Rasekattsklubbers Riksforbund (NRR) og Federation Internationale Feline (FIFe). Me held oss til ei kvar tid gjeldande reglement og anbefalinger frå disse forbunda. Eg er også representant i FIFe’s raseråd for ragdoll (FIFe Ragdoll Breed Council)

Er du interessert i ein kattunge fra oss, er du velkomen til å ta kontakt med meg på tlf 99463409 eller bruk gjerne kontaktskjema  under.


Kontaktskjema: